Ny klubbscene i Bakgården
Telemarkfestivalen og Bø Jazzklubb gjeng saman om å leige lokale
Telemarkfestivalen og Bø Jazzklubb har alltid hatt ein god relasjon, og no tek me venkapet eit steg vidare. Me blir nemleg sambuarar! Saman har me danna Bø Bakgård AS som skal drifte den nye klubbscena i Bø, Bakgården, der me skal leige av Kjell Rune Kilen. Dette er lokala der mellom anna Meierismuget tidlegare heldt hus.
Dagleg leiar i Telemarkfestivalen, Kristoffer Mosfjeld vil ha kontor i lokala, så festivalen sitt daglege verke flyttar difor frå Gullbring til Bakgården. Under festivalen vil festivalkontoret liggje i Bakgården, og staden blir med det ein naturelg møtestad. Jazzklubben vil i størst mogleg grad ha sine konsertar i lokala.
Arrangementa våre vil ha servering, men me har ingen planer om å vere ein konkurrent til dei etablerte utestadane i bygda. Me håpar tvert imot at me med meir sentral plassering kan bidra til å heller auke besøket hjå dei andre, då vegen blir kort til neste utestad etter våre konsertar.
Planlegging og oppussing er i full gang, slik at me skal vere klare for opning 13.02.26, då Erlend Ropstad blir fyrstemann ut på den nye klubbscena vår.
Me ynskjer med det alle kjende og nye varmt velkomne til Bakgården